Har du to minutt til å svare på ei kjapp brukarundersøking om Folkepedia? Det tek berre eit par minutt og vi sett stor pris på alle svar. Du finn brukarundersøkinga her.

Lær deg folkedans og folkemusikk med Folkepedia

Folkepedia er eit prosjekt med barn og unge frå heile landet der Noregs Ungdomslag lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans og folkemusikk. Sidan 2016 har vi laga meir enn 100 dansefilmar innan sjangrane songleik/songdans, bygdedans, runddans og turdans, og fleire skal det bli. Filmane er gratis tilgjengeleg for alle å bruke til t.d. undervisning, opplæring, research eller inspirasjon. Vi håpar du likar filmane og at du kanskje prøver deg på ein av dansane. Gi oss gjerne attendemelding eller kontakt oss om du lurer på noko knytt til dansane eller musikken.
Les meir om Folkepedia her.


På denne sida finn du alle filmane Folkepedia har produsert, i kronologisk rekkefølge der dei nyaste ligg øvst. Nokre av dansane er tilpasse eller forenkla for å passe betre til dei yngste aldersgruppene. Bruk gjerne menyen til venstre for å finne dansar etter tema eller bruk søkefeltet oppe til høgre på sida. God dans!

I juni har vi lansert sju nye Folkepediafilmar av dansar frå Innlandet med Landslina for folkemusikk og folkedans på Vinstra vgs.


Springleik frå Lom

Vårdalshusk

Kørsdans frå Grue FINNSKOG

sulla-lulla lite barn

sykkylven.png

springar frå sykkylven

fiska1.png

Søte, lille Mette

fiska6.png

til seters

eidsvag9.png

Grautmarsj

sigrid.png

portrett Sigrid Skjølsvik

eidsvag8.png

kattå satt ponn omna og spann

springar

treinala.png
portrett2.png

treklappdans

torpo10.jpg

Hattespark og Gofakast

Hattespark er eit kjend element frå halling, men dette sparket har eksistert lenge før hattesparkinga kom til. Sparket er nemleg eigentleg eit rundkast.

torpo12.png

springar (utan rettleiing)

Springar er bygd på improvisasjon og innanfor denne dansen vil det seia at du som dansar vel sjølv kor mange gongar og kor tid du skal gjera eit motiv.

fjelli_web16.png

Seksmannsril

Dette er ein seksmannsril der vi dansar tre par saman, tilsaman seks personar.

fjelli_web4.png

småfuglane i skogen

Ja, kva er det eigentleg småfuglane syng om kvar dag? Dansegruppa i Fjelli Ungdomslag har svaret.

folkepedia_moldeweb.jpg

Vil ikkje du

Du kjenner kanskje til den svenske songdansen Kulldansen? Her kjem ein dialekversjon frå Romsdalen.
 

folkepedia_molde16web.jpg

Barnereinlender

Dette er ei fin øving for reinlendertakt. Her får du tips om mange ulike motiv som kan settast saman. Øvinga kan gjerast på linje, i ring eller i ein hoppbakke i Molde.

folkepedia_molde3web.jpg

Krabbelur

Du kan sjeldan vere så lur som ein krabbelur. Særleg dei frå Fræna i Romsdalen har rykte på seg for å utmerke seg. Krabbelur er elles ein firkanta dans med masse snurring. 

Lille and_folkepedia

LILLE AND 

Ein songleik med anderørsler. Du kan synge den både sakte som ein brunost ... og mega mega fort! 
 

folkepedia_bonde.jpg

Ein bonde i vår by

Ein songleik der vi går i ring medan bonden i midten tek ei kone som så tek eit barn som så tek ein hund som så tek ei katt som tek ei mus og som så tek ein ost. 

nordlandspols + stivheks

I denne filmen får me sjå ungdomar frå Bodø dansa Nordlandspols og visa oss tre motiv frå polsen som kan brukast i stiv heks. I tillegg lovar me nydeleg natur og junisol. 

HALLINGTERNING

Hallingterning er ein leiken måte å læra seg motiv eller rørsler i ein dans på. I denne filmen har me valt ut 6 rørsler henta frå halling. 
 

skotsk ril (rekkeril)

Denne rilen har mange namn. Nokon kallar den skotsk ril, andre Virginia ril eller bananskrellaren. Uansett, artig er den!

L1003027.jpg

parhalling

Mange har nok høyrt om dansen halling, men visste du at du óg kan dansa halling to og to? Dette kallar me for parhalling, ein dans som liknar på dansar som gangar og bonde. Fellestrekket med desse dansane er at du kan gå-dansa dei sidan musikken er i totakt og at det finst ein del like motiv.

DET STÅR EIN FRIAR UTI GARDEN

Det står ein friar uti garden er ein songdans. Her kan du dela ringen inn i 1-arar og 2-arar, eller etter kjønn om ein føretrekk det. 

Fingerpolka frå Ljørdalen

Springdans frå Nordsinni

SKOMAKARDRENGEN

Killebukk og dans

fiska2.png

Trollgubben lurvelegg

eidsvag1.png

Nordmørspols

eidsvag7.png

Vi skal danse over berg og bakka

pjokkum.png
stjernepolka.png
torpo6.jpg

Kruking

Kruking er eit veldig gamalt dansemotiv.  Det har mange namn som spøting, hæling, danse på tjukkleggom, danse på haraleggen, danse halling og kruking.

torpo5b.jpg

Hallingspringar

Hallingspringaren er den regionale varianten av springar i Hallingdal, som igjen har lokale variantar og individuelle variasjonar.

portrett arne og asbjørg sølvberg

fjelli_web15.png

gamalt (springar)

Gamalt er den eldste springaren i Nordfjord, some kallar den og for gamal-springaren.

fjelli_web9.png

jig circle/1-2-3 dansen

Jig circle kjem opphavleg frå Skottland, men vert brukt mykje her i landet og. 

folkepedia_molde11web.jpg

Tremannsril Aure

Dette er ein tretur i reinlendertakt.  Rilen har tre ulike motiv, så her er det berre å spring spring gå spring spring gå hopp hopp hopp hopp.

folkepedia_molde18_web.jpg

Kila kila bukk

Ein songdans med geitelokk. Så ikkje bli overraska over om Rosa, Dokka, Nykla, Sokka, Storspenna, Spjantil, Fager leik dukkar opp på øving.

folkepedia_molde6web.jpg

Tyven tyven

"Tyven" skal prøve å finne seg ein ny ven, og stjel seg difor  ein. Og alt dette medan du sto og sov, eller kvilte du kanskje berre?

folkepedia_reinlender5.jpg

SUNNMØRSREINLENDER

Treng du oppfrisking av hoppsteg i reinlender? Denne filmen viser Sunnmørsreinlender og går igjennom både dei som går rett fram, og dei med rundsnu.

folkepedia_smett.jpg

Herr smett

Ein songleik om Herr Smett som har forlova seg. Med kva seier songen dessverre ikkje noko om. Kan dansas i ring, eller to og to.

per sjuspring (songleik)

Per sjuspring er ein songleik. Her viser me korleis du kan bruka den i klasserommet!

 

STREKKBUKSEPOLKA

Her kjem ein polka som du kan strekkja deg etter! Denne dansen er kjend under mange namn, av dei mest vanlege er nok strekkbuksepolka, lettisk polka (lettispolka) eller berre polka! .  

valsestolleiken

Dette er ein variant av den kanskje meir kjende musestolleiken. Her brukar me valserytmen som utgangspunkt for stolleik. 

DOBBEL REINLENDER

Reinlender er ein velkjend dans for mange. I dobbel reinlender dansar me fire og fire saman, det går óg an å dansa tre og tre. Dette er ein fin måte å dansa reinlender på i starten sidan ei slepp å dansa rundsnu rundt.

 

tannfeens hevn (song)

Her kjem ein song om tenner, tannfeen og pengar!


 

har vel du sett (SONGLEIK)

Har du høyrt om ein syklande, elegant elefant?Om du ikkje har det så passar det bra med denne songleiken!
 

Pirresnutt Folkepedia

Pirresnutt er det norske ordet for teaser.  Her er pirresnutten for Folkepedia! 

 

SPRINGAR FRÅ NORDRE SUNNMØRE

Springar høyrer til den eldste dansefamilien her i landet, bygdedansen. I same familie finn du td. halling, pols, gangar og parhalling. 
 

Langedans frå VALDRES

Stekte harra, gjødde svin

PORTRETT OLINE LØVLID

Når du bli’

Eg ser på deg

eidsvag6.png

Rakkelvisa/Lykjyln´fær fjøsa

eidsvåg11.png

Stigelin

rilfradonna.png
stjernepolka2.png
torpo11.jpg

Nakkesprett og Hovudstift

I både nakkesprett og hovudstift skal du ha strake bein og knekk i hofta. Det er eigentleg når du har kome så langt over at du nesten bikkar at du skal slå til.  

torpo2.jpg

Springar med to fylgje

Springar høyrer til danseslekta bygdedans, og er av dei eldste pardansane i ladet. Her er ein variant der tre dansar saman.

portrett martin og gunnlaug lien myhr

fjelli_web18.png

Cowboyril

Cowboyril er ein dans som blir brukt mykje. Du kan danse med og utan byte i ringen. 

fjelli_web8.png

Lev vel

Ein fin song for for å avslutte stunde ein har vore ilag.
 

fjelli_web19.png

det var ein gong ein...

Det var ein gong ein liten gut handlar om ein liten gut som skal gjeta sauer og som møter på ein rev.
 

folkepedia_molde17web.jpg

Katta rodd

Veit du om attersteg? Det er to steg til venstre, og eit til høgre. Og hugs å bøye knea. Her lærer du òg om kva den femte foten til katta er.

folkepedia_molde4web.jpg

Pisi og fuglen

Songdansen om ei slu (eller kanskje snill?) katt som tilbyr fuglen å varme nebbet sitt. Her lærer du og om brigde, og kva det gjer med dansen. 

folkepedia_elefant.jpg

Ein elefant kom marsjerande

Så klart ein må vere fleire når ein marsjerer på edderkoppen sitt fine spinn! Særleg når vegen er så sjarmerande.

folkepedia_reinlender.jpg

Storbytar (bytereinlender)

I dette døme på ein bytereinlender byter du partnar kvar gong du dansar framover. Eit tips er å sjå filmen med Sunnmørsreinlender først. 

stjernepolka

I denne forenkla utgåva av stjernepolkaen går me på rekkjer, dansar fritt med galoppsteg og leikar ninja!

 

TRETUR FRÅ HORNINDAL

Denne dansen er fin når ein skal læra seg å gå i åttetal! I tillegg er dansen enkel i forma noko som gjer den lett tilgjengeleg for dei fleste.
 

valsesisten

Her får du oppfylt draumen din om å vera både elefant og sommarfugl i valsesisten!
 

HALLINGMOTIV

Halling, eller laus, er ein av dei mest kjende tradisjonsdansane i landet. I denne filmen viser dansarar frå Oslo nokre motiv som ein kan gjera i halling. 


 

Du e henta (koreografi)

Du e henta er ein koreografi som passar til ulike målgrupper laga med inspirasjon frå ulike dansar. Musikken og koreografinamnet har me lånt frå Hekla Stålstrenga.

L1003400.JPG

RIL

Noreg har mange riltradisjonar. I denne filmen viser me grunnform i ril, måtar du kan improvisera i ril på og korleis du kan læra deg å gå i kjede. 

IRSK POLKA

Irsk polka er ein dans i sirkel. Om du ikkje har dansa som ein vindaugsviskar med kompisen din endå så får du sjansen i denne dansen!
 

Gilleråsen

Gilleråsen er ein dans frå Gjemnes på Nordmøre.  Når du dansar den så ser det ut som ei bølgje! 
                   

den gjerrige mannen (song)

Ein song om ein veldig gjerrig mann.

RØRSLELOTTO

Lotto er det spelet der det er om å gjera å få to like av noko. Her gjer me det same med rørsler henta frå halling. Du kan sjølvsagt velja rørsler frå andre dansar om du vil. Ei fin øving for å laga, repetera og kjenna att rørsler.