Bygdedans
Bygdedansane er dei eldste og mest særmerkte blant norske folkedansar. Bygdedansane var dei mest vanlege dansane i vårt land før runddansen vart populær. Dei eldste bygdedansformane kom til Noreg kanskje allereie på 1500-talet, og har gjennom tida vorte påverka av stilideal i ulike tidsepokar og dei ulike lokalmiljøa dei har vore i. Dette har ført til at vi i dag har eit mangfald av danseformar. Dei eldste formane har enkle steg og bygdedanssnu, medan dei nyare formane er påverka av runddansen og har rask eintaktsnu (runddanssnu).
Til bygdedans reknar ein springar, gangar, pols, rull og halling, med ulike lokale namn.
Kjelde: Grunnbok i folkedans.

Laster inn...