Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Danselyst: Dansehistorie

Dette kapittelet tek føre seg historia til norsk folkedans. Her vil du få ei kort og enkel innføring i den norske folkedansen si historie. Du vil også få vita korleis det er vanleg å dela inn folkedansen, og kjenneteikna ved kvar av dansetypane.

Den første dansen

Norsk folkedans slik me kjenner den i dag, er for det meste parvis. I mellomalderen var det kjededans som vart nytta som den sosiale dansen – her dansa alle med alle. Langedansen er ei norsk utgåve av kjededans, ei lang rekkje med personar som held i kvarandre. I Hellas er det mange sydenturistar som har vorte dregne med i slike gamle kjededanstradisjonar – to steg til sida, og eitt tilbake. På Færøyane held dei framleis festar med berre denne typen dans; Færøydans, der alle syng gamle viser til dansen. Etterkvart vart det laga ei endring i kjededansen. På slutten av kvart vers eller omkvedet i musikken, løyste dansen seg litt opp, gjerne parvis. På denne måten vart pardanstradisjonen utvikla.

Pardansen

Den eldste pardanstradisjonen me kjenner til i Noreg, er bygdedanstradisjonen. Me nyttar den nemninga fordi dansen varierar mykje frå stad til stad eller bygd til bygd. Bygdedansen kan delast i to ulike hovudformer: springar og gangar. Som orda seier er springar ein rask dans, gjerne i tredelt rytme, medan gangar er rolegare, ofte i todelt rytme. Andre namn på springaren er pols, springdans, springleik og rundom. Variantar av gangarnamnet kan vera bonde, parhalling eller rull. Dansen halling, eller laus som mange seier, er også ein bygdedans, med den er ikkje ein pardans. Dette er ein solodans, ofte med mykje akrobatikk. Dansen vart ofte nytta i militæret i gamle dagar, der ein skulle syna for dei andre kor sprek ein var. Når me ser halling i dag er det ofte sjølve hattesparket som er symbolet på dansen, men før i tida var det like mykje dei andre sprella dansaren gjorde som imponerte tilskodarane.

Dei ulike variantane av springar og gangar er ofte bygd over same form. Først er det ein vendingsdel, det vil seie at gut og jente held saman med ei eller to hender, og gjer ulike motiv. Eit motiv kan vera at jenta svingar under armen til guten, eller at guten fører jenta rundt seg med ein arm. I nokre delar av landet er denne delen av dansen svært kort, og består berre av å gå ved sida av kvarandre ei lita stund. Etter vendingsdelen kjem oftast ein lausdansdel, der begge dansar litt for seg sjølv. Til slutt er det ein samdansdel, der dei tek tak i kvarandre og går rundt saman.

Etter bygdedansen fekk me ei ny populær danseform her i Noreg. I dag er den ofte kjend under namnet gamaldans, som tyder gamal dans i høve nokre nyare former, som sving og foxtrot. Me kallar denne dansegruppa runddans, fordi alt i dansen byggjer på å gå rundt saman. Kjenneteiknet til runddansen er korleis ein står i høve partnaren og korleis ein held saman, samt at det er parvis rotasjon gjennom heile dansen.

Dei vanlegaste runddansane er vals, reinlender, polka og masurka. Valsen fekk namnet sitt etter korleis den såg ut: å valse eller rotere eller snurre rundt. I byrjinga vart all dans som hadde denne forma, både totakt og tretakt, kalla vals, fordi sjølve namnet ikkje var knytt til noko anna enn korleis paret dansa.

Valsen, slik me kjenner den, kom truleg frå gamle folkedansar nytta i Sør-Tyskland og Austerrike. Røtene til desse dansane strekk seg heilt tilbake til 1500-talet. Den eldste forma av vals vart omtala slik:

”(…), and were mostly peasant dances in wich wild hopping, stamping, san throwing of the female partner formed the outstanding features.”
(Mosco Carer: The Waltz, London 1948).

Det som her vart omtala er mest sannsynleg länder, ein sørtysk folkedans. Dansen er oppbygd av ulike turar, der den siste turen truleg er opphavet til valsen. Valsen vart fort populær i Noreg. Alt i 1799 høyrer me at det vart dansa vals i norske ballsalar.

Ein annan runddans som dei fleste har høyrd om er polka. Polkaen kom på same tid som valsen, og bestod av akkurat same steg og måte å rotere på, berre at musikken var i totakt. I dag kjenner dei fleste til strekkbuksepolka, eller lettisk polka, som er ein konstruert dans, mest sannsynleg frå 1950-talet. Dansen er bygd opp på ein annan måte, med eit fast mønster, meir lik ein turdans, men dansen vert dansa til polkamusikk.

Reinlendar kom noko seinare, og er i stor grad bygd opp på same måte som polka og vals, berre med rolegare totaktsmusikk. Mange pleier ofte å ha ein del der ein går rett fram ved sida av kvarandre og deretter ein del der ein går rundt.

Den siste runddansen er masurka, og er vel den runddansen som skil seg mest ut. Den har ei litt anna form, og kan både i musikk og dans likne på vår eigen eldre bygdedans. Dansen består av ein del der paret beveger seg i rommet, og ein del der paret går rundt saman.

Turdans

Turdans er eit samlenamn på svært mange ulike dansar. Eit fellestrekk er at dei som regel blir dansa etter eit fast mønster. Ofte føregår dansen i ein bestemt formasjon, til dømes rekkje, ring eller firkant. Dansane har ofte tilknyting til ein stad. I mange tilfelle er det vanskeleg å finna fram til dei lokale formene, sidan dei over heile landet har vore dansa etter nedskrivinga i bøkene (sjå litteraturliste).

Dansane i turdansgruppa representerar det største tidsspennet i norsk folkedanstradisjon. I denne gruppa samlar ein dansar frå mellomalderen, og truleg dansar frå alle århundra oppover, heilt til dei som kom til Noreg som motedans på 1900- talet.
Det er viktig å vere merksam på at dansane i turdansgruppa kjem frå mange ulike danseslekter. Vi kan dele hovuddelen av dei norske turdansane inn i tre grupper:

  • Kontradansane som blei dansa på rekke eller i firkantformasjon. Desse dansane blei mye brukt i byane og på storgardar.
  • Rilar som er ringdansar mye brukt i kystområda
  • Ulike pardansar som kan likne på runddansane, men som blir dansa etter eit fast mønster og ofte etter ein bestemt melodi.

Klara Semb reiste tidleg på 1900-talet landet rundt for å skrive ned turdansar. Rettleiingsboka for turdans ho laga er no revidert, og fortsatt den mest brukte.

Songleik og songdans

Dette er dansar der dei som dansar er musikarar til sin eigen dans. På byrjinga av 1900-talet var Hulda Garborg på tur til Færøyane, for å studere kjededansen deira. Ho likte så godt den måten færøyingane dansa på, at ho med deira dans som utgangspunkt, laga ein norsk versjon, og presenterte den for publikum i Kristiania. Dansen vart fort populær, mykje fordi den ikkje hadde noko usømeleg ved seg. I pardansen kunne ein flørte og sjå kvarandre inn i augo, kanskje tok ein seg ein dram eller to, og utpå kvelden vart det ofte slåssing. I songdansen var ikkje dette tilfelle. Ein kunne ikkje vera like ”privat” med sin dansepartnar, fordi ein dansa med alle saman heile tida. Klara Semb skreiv ned dansemåtar og utarbeidde etter kvart mange rettleiingsbøker.

Songleikane har vore lenger i bruk. Det finst mange ulike songleikar, til dømes friarleikar, klappeleikar og andre leikar der ein får ulike roller. Som annan rolleleik, har songleikane vore ein måte barn har lært seg korleis ein vert vaksen på. Dei mest populære songleikane var nok friarleikane. Ofte har songleikane vorte nytta av skular og institusjonar nettopp for å oppdra ungane, men ein del har og vore brukt i skolegarden og på juletrefestar.

Teikning av tre bunadskledde damer og ein mann foran slottet