Per sjuspring

 
 

PER SJUSPRING

Per sjuspring er ein songleik. Her viser me korleis du kan bruka den i klasserommet!

Songleikar  vert rekna som ein av 6 hovudfamiliar innanfor folkedansen. Dette er, som namnet tilseier, leikar der me syng til og ofte gjer danseliknande rørsler. Noreg har ei rekkje folkelege songleikar i både nyare og eldre tradisjon. Det var særleg på 1900-talet at det vaks fram ei ny interesse for songleikar i dei nordiske landa. Mange av songleikane har nettopp ein klar fellesnordisk profil, særleg ser ein det i språket som vert bruka. 

Takk til elevar på Aspåsen skole i Bodø!

Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag
Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum
Pedagog i Bodø: Anette  Figenshou
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard