Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Danselyst: Ei kort rettleiing til bruk av boka

Dette undervisningsopplegget er særleg retta mot bruk i grunnskolen, men vil vere nyttig for alle som ønskjer skaffe seg kjennskap til norsk folkedans, kanskje særleg med eit mål om å formidle dette stoffet til andre.

I boka finn du:

  • Eit kort historisk oversyn over norsk folkedans
  • Ei oversikt over folkedansterminologi (ulike steg, tak osb)
  • Metodiske tips når du skal i gang med å lære bort ein dans
  • Danseforklaringar. Her er det eit kapittel for kvar hovudtype av dansar. Dansane er ordna etter dansetype og alder. I innleiinga til alle turdansar og songdansar/songleikar har vi vist til kva for ei kjelde vi har henta dansebeskrivinga frå. Der kan du lese meir om bakgrunnen for den einskilde dansen, t.d. kor, nå og etter kven han er nedteikna, kor han vart nedteikna først osb.
  • Ei liste over bøker og organisasjonar der ein kan få meir informasjon om norsk folkedans.

CD og DVD

Til danseforklaringane følgjer det med ein CD og ein DVD. Før kvar dans finn du ei henvising til kutt på CD og DVD. Dersom det er fleire musikkuttsom passar til den einskilde dansen, er det eine markert med feite typar. Det er det kuttet vi tilrår.

Danseutvalet

Når vi har valt ut dansar til heftet, har vi lagt vekt på følgjande:

  • Dei ulike hovudgruppene innanfor norsk folkedans skal vere representert
  • Dansane skal vere representative for si gruppe
  • Dansane skal ikkje vere for kompliserte å forklare
  • Dansane bør vere godt kjende i folkedansmiljøet, og ha ein viss appell der
  • Dansane skal egna seg for barn og unge

Forenkling

Nokre plassar har vi gjort forenklingar i danseforklaringane i forhold til korleis dansen opprinneleg er nedskriven, eller vi har foreslått korleis ein kan lage ein forenkla versjon. Dette er alltid presisert i forklaringa til den einskilde dansen. Ein kan sjølvsagt og lage sin eigen forenkla versjon dersom dansen blir for vanskeleg å gjennomføre for den aldersgruppa ein arbeider med.

Dei dansane som finst i fleire versjonar, er merka med ulike fargeband på DVD-en. Når dansarane har på seg raude band, er dette den enklaste versjonen. Grønt band betyr ein meir avansert versjon.

Av og til vil vi og komme med forslag til korleis ein kan forenkle dansen slik at han kan passe for mindre barn, eller vi vil foreslå ”forvanskingar” eller variasjonar, slik at den same dansen også kan vere morosam for eldre barn enn den han opprinneleg var tiltenkt.

Kva for aldersgrupper passar dei ulike dansane til?

Dette heftet er innretta mot grunnskolen. For dei som er på jakt etter ein spesifikk dans for 3. eller for 8. klasse, så er det ikkje alltid så lett å bestemme kva for dansar som passar til dei ulike aldersgruppene. Ein dans som kan synast litt vanskeleg, kan med nokre få forenklingar passe til nesten alle aldersgrupper. Men det er samstundes slik at nokre dansar heilt klart er meir morosame for små barn, mens andre passar best for dei litt eldre. Vi vil kome med nokre kommentarar som går på aldersgruppe og vanskegrad under kvar einskild dans. Det er basert på erfaringar vi og andre har hatt med dansen, men kan hende vil du som brukar heftet, ha glede av å bruke dansen også på andre aldersgrupper.