Danselyst: Folkedans i skolen
Folkedans i skolen kan vere dans for dansens eiga skuld. Det er god fysisk trening og det skaper god stemning, latter og moro. Ei slik tilnærming til dansen legg vekt på å syne at den norske folkedansen er ein bruksdans.

I tillegg til å lære dansar, kan ein og nytte aktivitetar som:
- Synge folkeviser
- Dramatisere folkeviser
- Samle tradisjonsleiker og dansar frå foreldre- besteforeldregenerasjonen.
- Ha framføringar for andre elevar
- Få trening i å leie ei danseframføring
- Lage ein dansefest/eit ball for medelevar eller foreldre
- Førebuing til skoleballet
- Lage enkle dansar sjølv, eller lage variantar av andre dansar
- Integrere dansen i ei teaterframsyning
Norsk folkedans er og ein viktig del av den norske kulturhistoria. Ved å integrere dansen i ulike tverrfaglig prosjekt, kan den bli sett i samanheng med andre uttrykk for den norske folkekulturen. Elevane kan kle seg ut, ein kan skape gymsalen om til ein ballsal på ein storgard i 1860 eller la den bli tunet på ein husmannsplass. Då får det å danse ei heilt anna meining. Det blir sett inn i ein historisk samanheng, og gjev elevane ei anna oppleving enn det å bruke folkedans som ein fysisk aktivitet.
Dersom ein ønskjer ein slik innfallsvinkel til arbeidet med dansen, kan ein arbeide med tema som t.d.
- Skape forståing for stilvariasjon i dansen. Korleis dansa ein på storgarden og korleis dansa ein på husmannsplassen.
- Skape forståing for lokal variasjon i dansen og samanlikne dansetradisjonar. Her kan ein om mogleg møte dansarar frå lokalmiljøet og sjå korleis dansen har samanheng med andre lokale kulturelle uttrykk. Ein kan også prøve å få til eit samarbeid med kommunale musikkskolar, med Rikskonsertane og andre som formidlar skolekonsertar, med spelemannslag og dansemiljø. Kanskje har også nokre av elevane foreldre eller besteforeldre som har drive med folkedans, og som kan bidra i undervisninga.
- Arrangere møter mellom norsk dans og dans frå andre kulturar? Kva er likt og kva er ulikt?
Etter mange av dansane vil vi presentere nokre tankar om korleis ein kan bruke dansen som ein del av eit tema/prosjektarbeid, og her er det stort rom for kreative tankar.
